Verdas viktigaste bok: Bibelen på 60 minutt
– Bibelen er verdas viktigaste og mest selde bok. Men vet vi eigentlig kva som står i denne boka, spør forfattar Alf Kjetil Walgermo, som kjem til Vestnes kyrkje torsdag 6. oktober kl 19.00.
Forfattaren, som er oppvaksen på Sjøholt, bur i Oslo og var i mange år kulturredaktør i Vårt Land. Han har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for born, ungdom og vaksne. Ikkje minst har han skrive fleire bøker om Bibelen. Røff guide til Bibelen er ein kunnskapsrik og lett tilgjengeleg guide til Det gamle og Det nye testamentet. Bibelens kvinner. Historiene som forma verda løfter fram dei mange kvinnene i Bibelen og viser korleis dei er blitt framstilte i ettertida – i biletkunsten, skjønnlitteraturen, musikken og filmen. Denne hausten er Walgermo også aktuell med ein flunkande ny barnebibel, Barnebibelen, der han har fått med seg den dyktige illustratøren Anna Fiske.
I Vestnes kyrkje tek Walgermo oss med inn i Bibelens store univers og leier oss igjennom boka som er både heilag skrift og verdslitteratur.
– Eg kjem til å snakke for dei som treng å friske opp bibelkunnskapane sine frå barndommen, for dei som er ukjent med bibelstoffet og for dei som les Bibelen jamleg, seier Walgermo.
Imponerande arbeid
Walgermos bøker har fått glimrande kritikkar i alt frå VG til Morgenbladet. Tarald Aano i Stavanger Aftenblad trilla 6-ar på terningen og skreiv om Røff guide til Bibelen: «Et imponerende arbeid som dykker ned i litteraturen, historien, religionen, språket som finnes i Bibelens tekster – og han gjør det med en fortellerglede og kunnskap som gjør både bibel og den røffe guiden til en sann fryd.»
Om Bibelens kvinner skreiv Trond Berg Eriksen i Morgenbladet: «Walgermo har gjort et storartet arbeid med Bibelens kvinneskikkelser [...] et førsteklasses dypdykk i kulturhistorien.»
Også barne- og ungdomsbøkene hans har fått strålande kritikkar i inn- og utland. I tillegg til Barnebibelen, har Walgermo blant anna fått mykje merksemd for ungdomsromanen Mitt bankande hjarte, som er omsett til sju språk. Barneboka Mor og far i himmelen blei nyleg nominert til ein bokpris i USA. Walgermo har også interessert seg for sjiraffar, i barneboka Keegan og sjiraffen (denne boka er illustrert av Kim Lid, som også er frå Sjøholt). Og han har ein ekstra forkjærleik for eselet, som har fått si eiga hyllingsbok i boka Eselhistorier – bakspark fra verdenslitteraturen.
I mange av desse bøkene finst det også glimt av bibelforteljingar, som kan seiast å stå sentralt i Walgermos forfattarskap.
Engasjerande og lettfatteleg
Det ligg med andre ord til rette for ein spennande kveld i Vestnes kyrkje, der mange spennande historier og tematikkar frå Bibelen vil bli løfta fram på ein engasjerande og lettfatteleg måte.
– Eg gler meg til å besøke Vestnes. Det er jo rett over fjellet frå der eg vaks opp, men dette er første gongen eg er her på forfattarbesøk. Det heiter seg at ein ikkje blir profet i si eiga heimbygd, så då er det jo eit kløktig trekk å dra vidare til nabobygda, spøker Walgermo.
Forfattaren har med bøker for sal etter foredraget. Han signerer gjerne bøkene for dei som ønskjer det.
– Eg håper at alle finn vegen til Vestnes kyrkje den 6. oktober. Eg trur det blir ein magisk kveld, seier Alf Kjetil Walgermo.