Vestnes sokneråd arr. temakveld med foredrag av sokneprest Arnt Sigurd Sollie 8. februar kl 19.00.
Sokneprest Arnt Sigurd Sollie
8. februar kl 19.00 arrangerer Vestnes Sokneråd temakveld der sokneprest Arnt Sigurd Sollie held foredrag om retreat.
Retreat har etter kvart blitt populært blant mange i vår hektiske tid. Det dreier seg om samlingar der ein kan vere saman med andre i stillheit, - delar av tida eller heile tida. Ein kjenner nærleik til andre og seg sjølve, men på ein retreat er ein tause saman.
I den norske kyrkja byggjer desse arrangementa på den kristne trua. Ofte er det innlegg frå prestar om ulike tema, og gjennomføring av tidebøner. Det kan vere ulike måtar å gjennomføre retreat på, alt frå samling på ein stad til vandring i natur. Det viktige er at stillheita og tausheita skal gjere det muleg å høyre Gud tale til oss.
I Noreg er det mange retreatstader. I vårt fylke har vi Åkerlehaugen på Skåla som mange nyttar seg av.
Sokneprest Arnt Sigurd Sollie har frå midten av 80-talet vore opptatt av å drive retreatarbeid. Han har i fleire år fått trening i åndeleg vegleiing på Lia Gard og i Vadstena, og har no fleire som kjem til han for å få vegleiing. Han leier retreat og har åndeleg vegleiing på ulike retreatstader i Noreg. Dessutan har han bakgrunn som misjonær i Japan og har vore pastor i Frikyrkja og prest i Den norske kyrkja. I dag er han sokneprest i Ørskog og seniorprest i prostiet. Han bur i Ålesund.
Alle er velkomne til arrangementet i Vestnes kyrkje 8. februar!