Sunnmøre kristelege mannskor


Skjærtorsdag, 6. april kl 16.00 får Fiksdal besøk av Sunnmøre kristelege mannskor på Fiksdal kyrkjelydshus.

Bilde: Sunnmøre kristelege mannskor

Sunnmøre kristelege mannskor vart starta i 1932, og hadde sitt utspring i det som då heitte Sunnmøre krins av KFUK/KFUM. Koret har ikkje noko fast tilknyting til organisasjonen, men har i all si tid samla inn pengar til ungdomsarbeidet, særleg på Sunnmøre, men no er krinsen utvida til å gjelde heile Møre og Romsdal.
Sunnmøre kristelege mannskor samlast to gonger i året.
 

6.april, Skjærtorsdag, kl 16.00 får Fiksdal besøk av Sunnmøre kristelege mannskor. Det tradisjonsrike koret er inne i sitt åttiåttande år.  Dei har med rette fått namnet «påskekoret», for det er i påska dei er mest i aktivitet med påskebodskapen i ord og tonar.

Koret har  for tida 25-30 godt vaksne rutinerte songarar frå  heile Sunnmøre som brukar tre dagar i påskeveka  til å synge evangeliet. Onsdagen trimmar dei koret, og skjærtorsdag og langfredag syng dei i  til saman 6  kyrkjer/samlingshus.  Dirigentar er Svein Eiksund og Lidvar Grimstad.   

Tilbake