Mannskoret sunnmøre


Mannskoret Sunnmøre gjestar Vestnes 
kyrkje søndag 16. april kl 12.00

Bilde: Mannskoret Sunnmøre i aksjon 

Mannskoret Sunnmøre vart starta våren 2018 av songaren Magne Fremmerlid. Planen for koret var at det skulle samlast annakvart år, men på grunn av pandemien er dette berre andre samlinga til 
koret. Koret skal også ha konsertar i Spjelkavik kyrkje og Herøy kyrkje denne helga.
Fremmerlid som er dirigent og solist i koret var sjølv med i 
SKRUK og i SKRIM (Sunnmøre Kristelege Mannskor) i sin ungdom og opplevde mellom anna Johan H Grimstad som dirigent og inspirator. Mykje av repertoaret er nettopp komponert av Johan H Grimstad.
Koret syng ikkje berre dei gamle tradisjonsrike songane, men har og knytt til seg komponisten og pianisten Odd Johan Overøye. Han vert med som akkompagnatør og fleire av hans songar stend på repertoaret. Koret har ca 70 songarar i alderen frå 20 til 92 år.

Mange av dei har lang fartstid i både SKRUK og SKRIM. Koret er også heldige å ha fleire romsdalingar i sine rekker. Ikkje mindre enn 12 songglade prestar var med i koret på fyrste samlinga i 2018, og med 17 førstetenorar og 22 andre bassar på ytterstemmene lovar vi ei sterk og gripande oppleving

Tilbake