Temakveld i Vestnes kyrkje onsdag 19. april kl 19.00.
Bilde: Laila Helene Støen
Den 19.april blir det ein interessant temakveld i Vestnes kyrkje.
Då skal Laila Helene Støen fortelje om Kystpilegrimsleia med særskilt fokus på strekninga i Møre og Romsdal.
Laila Helene Støen er godt kjend med det regionale pilegrimssenteret på Smøla og nøkkelstadane på strekninga. Ho jobba med denne delen av Kystpilegrimsleia i prosjektperioden før leia vart godkjend som offisiell St. Olavsveg til Nidaros. Ho er i dag styremedlem av Pilegrimsforbundet i Norge som organiserer det frivillige pilegrimsarbeidet.
Det har dei seinare åra blitt vanleg å oppsøkje pilegrimsleier i mange land, og kanskje kan vi denne kvelden i Vestnes kyrkje finne interessante historiske pilegrimsleier i nærområdet vårt?
Under visjonen «En reise som berører» blir Kystpilegrimsleia løfta fram. Leia strekker seg frå Avaldsnes i sør til målet for reisa: Nidaros. Langs leia er det 4 regionale senter (RPS). Desse er plasserte på Avaldsnes, i Bergen, på Selje og på Smøla. RPS Smøla har eit stort geografisk område og dekkjer Kystleia si strekning i Møre og Romsdal og Trøndelag. Det er totalt valt ut 26 nøkkelstader av historisk betydning og med god besøkskvalitet langs leia. Av desse er 11 knytt til RPS Smøla.
Det bur ein pilegrim i oss alle
Vi skal vere merksame på at ei pilegrimsreise foregår både i det ytre og «indre» landskap. Kva og kven ein pilegrim er, er opp til den einskilde å vurdere. Ved RPS Smøla er mottoet «Det bor en pilegrim i oss alle». Den historiske pilegrimen og pilegrimar av i dag er ulike, men har også noko felles. Menneskeleg søken er kanskje ein fellesnemnar? Pilegrim betyr «ein framand», og det er kanskje mange av oss som søkjer «heim» på eitt eller anna vis? Det er viktig å utvide omgrepet så det er plass for alle. Dette er eit globalt og allmennmenneskeleg fenomen. Vi ser dei siste åra ei aukande interesse for pilegrimsferd. Også unge søkjer seg meir og meir til dette, for å kople av frå digitalt liv og andre stressfaktorar.
Det er fullt mogeleg å reise som pilegrim langs Kystpilegrimsleia i dag, heile året. Det er prosjekt og satsingar på gang, og det vil skje mye spanande også framover.
Laila Helene Støen gler seg til samtalen om pilegrimsarbeidet når ho kjem til Vestnes i april.
Vi vonar at mange vil kome og gjere seg kjent med Kystpilegrimsleia og alt vi kan sjå og oppleve der!
Vi ser fram til temakvelden i Vestnes kyrkje 19. april kl. 19.00.
Undervisningsutvalget Vestnes sokneråd.