Støtte til namna minnelund - Vestnes kyrkjegard


Støtte til namna minnelund - Vestnes kyrkjegard


Vestnes kyrkjelege fellesråd har starta arbeidet med å etablere ei namna minnelund på Vestnes kyrkjegard.For å realisere prosjektet inviterer vi no til frivillige gåver og donasjonar. Du kan gi via Vippsnummer #41120 eller kontonummer 4056.20.37154

Vestnes kyrkjelege fellesråd arbeider med etablering av ei namna minnelund på Vestnes kyrkjegard. Minnelunda er for urner, og omfattar ikkje kistegraver.

Ei namna minnelund er ei verdig og varig minneordning, der urnene blir sette ned i eit felles gravområde, og namna på dei avdøde blir synleggjorde på ein felles minnestad – utan individuelle gravminne.
Løysinga gir pårørande ein stad for ro, minne og ettertanke, og er eit tilbod som mange etterspør.

For å bidra til realisering av prosjektet er det mogleg å gi frivillige gåver og donasjonar. Innsamla midlar skal nyttast til etablering av den namna minnelunda.

Sjølve innsamlinga blir administrert av Vestnes sokneråd, og midlane blir overførte til Vestnes kyrkjelege fellesråd som gåve til prosjektet når gjennomføringa nærmar seg.

Om innsamlinga

Innsamlinga blir gjennomført av Vestnes sokneråd
Organisasjonsnummer: 876 997 452

Gåver og donasjonar går til prosjektet Namna minnelund på Vestnes kyrkjegard.
Vipps tek eit mindre transaksjonsgebyr i samband med betalinga.

Korleis støttar eg? 

Vipps valfritt beløp til Vippsnummer 41120
eller
Overfør til konto 4056.20.37154
Merk innbetalinga med: Støtte til minnelund

Faste donasjonar
Det er ingen bindingstid. Dersom du ønskjer å stoppe eller endre avtale om fast trekk, kan du ta kontakt på
928 19 059 / hege.haugen@vestnes.kommune.no
Faste trekk kan òg avsluttast direkte i Vipps-appen.

Tilbake